Tradisjonshandverkar - næming

Sted

Nordmørsmusea - Husasnotra

Søknadsfrist

2026-08-01

Vil du utdanne deg til tradisjonshandverkar hos oss i Nordmørsmusea?

Vi søkjer to nye næmingar med arbeidsstad Geitbåtmuseet - Husasnotra, i Heim kommune. Stillingane er 100% over 3 år, med avsluttande byggeprosjekt og dokumentasjon i samband med dette. Næmingeprosjektet er ei treårig ordning for spesialisering av handverkarar ut over sveinebrev, i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap.

Kva er ein næming?

Ordet stammar frå næm, som i lærenæm, og er sagt om ein person som lett tek til seg ny kunnskap.

Som næming er du i arbeid frå første dag og får opplæring i handlingsboren kunnskap med tid for refleksjon, øving og kursing undervegs i næmingeperioden. Vi vil overføre kunnskapen om korleis vi bygger med hjelp av dei eldste byggesystema. Det vil seie at vi er nøydde til å felle skog og bearbeide material sjølv. Til dette brukar vi ulike handverktøy slik det vart gjort i generasjonane før oss.

For å få godt handlag med verktøya trengs det mange timar med øving, og det er dette vi legg vekt på i næmingetida. Husasnotra er særleg tufta på det nære samarbeidet med Jon B. Godal og arven etter dei tradisjonsberarane han dokumenterte på 80- og 90-talet.

Spisskompetanse

Vi har målsetting om spisskompetanse på kystkulturen - med naust, brygger og båtar, og vi utfører arbeid på freda og verna bygg. I tillegg vil det bli bygd nybygg som eigne definerte læreprosjekt der næmingane får meir og meir sjølvstendig ansvar. I opplæringa fokuserer vi mellom anna på

  • overføring av handlingsboren kunnskap
  • laft, stavline og andre tradisjonelle reisverk, tekking og kleding
  • plukkhogst og behandling av virke på rot
  • saging i samarbeid med lokale aktørar
  • vassgått og naturtørka virke

Som lærestad samarbeider vi og med andre utdanningsinstitusjonar som NTNU og fagskule.

Krav til deg som søkjar

  • Du er mellom 25-35 år, kandidatar i andre aldersgrupper vil bli vurdert.
  • Du har sveinebrev i tømrarfaget. Yrkeserfaring, realkompetanse tilsvarande svein i faget vil og bli vurdert.
  • Du har grunnleggjande interesse for tradisjonell tømring/bygningsrestaurering.
  • Du har lyst og evne til å rettleie og lære bort til andre.
  • Du har god samarbeidsevne og kan jobbe godt både ilag med ei gruppe og åleine.

Vi stiller med

  • eit unikt læringsopplegg etter anerkjend metode.
  • eit kunnskapsrikt og kreativt arbeidsmiljø.
  • løn etter tariffavtale.

For meir informasjon, kontakt leiar for Geitbåtmuseet – Husasnotra Lisabeth Syltøy Fiske, tlf. 452 98 110 eller direktør Eigunn Stav Sætre tlf. 976 54 294. Du er og velkomen til å kontakte næming Vebjørn Reitan for å høyre meir om korleis det er å vere næming, tlf. 400 60 581

Oppstart 4. januar 2027 (eller etter avtale).

Kontaktperson

Lisabeth Syltøy Fiske

Søknad

Du finner lenken til LinkedIn-profilen din her

Apologies, your application wasn't recieved correctly due to what seems like a malformed file. Make sure the file is not corrupt and is of common format, preferably PDF.

retningslinjer for personvern